fbpx

Velkommen til Friskus sosial entreprenør!

Av: Sigrid Petersson Nedkvitne

Hei, velkommen til Friskus sosialentreprenør. Så kjekt at du er nysgjerrig i kva vi held på med.

Etter mange år med å sjå føre meg korleis det burde vere, turte eg å ta steget ut. Seie opp jobben og jobbe full tid med å skape eit nettverk av aktivitet og menneske rundt om i Norge. Eg berre måtte gjere dette for borna mine – «fikse samfunnet» dei skal vekse opp og bu i, med det vesle eg kan bidra med. Kvar einskild av oss kan gjere ein forskjell med våre val og handlingar.

Vi har reist Norge rundt i 3 år for å samle kunnskap og lytte til fleire hundre born, unge og vaksne om korleis ei digital plattform skal vere, for at det vert enkelt å ta del i fritidsaktivitetar.

Bærekraftige lokalsamfunn handlar i grunn og botn om at folka som bur der har kjekke ting å gjere, får ta del i det som skjer, bidreg med det dei kan, har vener og kjenner seg verdifull. Vi slost for at at lokalsamfunna våre forblir bærekraftige og tufta på tillit og tryggleik.
 
Fritidsaktivitetar er trivsel, venskap og meining, og gjev positiv utvikling. Det skal vere superenkelt å finne, melde seg på og delta på alt mulig kjekt.

Etter omfattande testing og bygging, i ein iterativ prosess, er funna tydelige. Mange menneske ynskjer seg ein stad å:

  • møte andre med same interesse
  • finne arrangørar, både frvillige organisasjonar og kommunale avdelingar
  • ha oversikt og kunne melde seg på arrangement og frivillige oppdrag, både der dei sjølv bur og der familiemedlemmar bur
  • kommunisere, stille spørsmål, informere og organisere på tvers av organisasjonar og generasjonar
  • motta støtte til betaling for medlemskontingent og aktivitetsbilletter

Fleire av dei same funna kjem m.a. fram i ny rapport frå Bufdir kor unge menneske fortel korleis dei vil ha digital løysing for Fritidskortet. Då blir vi stolte og glad over at Friskus allereie er bygt.

Det er ikkje slik lenger at det kun er fysiske treff som gjeld – digitale møteplassar trengst óg. Friskus.com er bygt opp slik at du ikkje vert trigga til å bruke mest mogleg tid digitalt, men er eit springbrett ut i felleskapet. 

Barn og unge er framtida til landet vårt. Dei nye innovatørane og dei som skal ta vare på alt vi har. Vi har gjort det lett å satse på menneske. Unge mennesker fortener å få sponsa medlemskontigenten sin, meiner vi. Då kan man velge medlemskap i akkurat den organisasjonen ein har lyst til. Difor finn du Fritidskortet i Friskus, som moglegjere tildeling av midlar direkte til einskildpersonar.

Bygginga av ei så stor plattform er krevjande på alle moglege måtar. For å muligjere denne innovasjonsprosessen har vi samla inn over 20 millionar. Omlag 2/3 delar kjem frå offentlege bidragsytarar, altså fellesskapet sine midlar. Resten er frå familesparekontoane våre, samt frå lån og samfunnsengasjerte privatpersonar.

Når ein vil hjelpe er det viktig å bygge ein bærekraftig model slik at det som vert skapt er levedyktig over tid. For å sikre at det er eit høgt kompetent team som til ei kvar tid er på plass å forvaltar prosjektresultatet med reskept og engasjement, har vi valgt organisasjonsforma AS. Kommunar betaler ein liten inngangbillett for bruk av samme plattform (som er ekstremat mykje billigare enn å ha kvar si), og dette spleiselaget lønnar tilsette i friskus for å drifte, vedlikehalde, vidareutvikle, dele og hjelpe samarbeidspartar og kunadar.  Når kommunar vert friskus-medlemmar blir plattforma ikkje berre tilgjengeleg for kommunalt ansatte og innbyggarar. Alle frivillige organisasjonar får fri bruk for å sikre gode føresetnader for samskaping. Saman gjer vi det godt å leve her vi bur.

Det er gøy å møte menneske med samme interesse. Lære noko nytt eller delta på ting ein kan. Det er godt å høyre til og vere del av ei gruppe. Friskus.com samlar menneske.

Alt godt,

Sigrid