Fritidskortet
LIKE MOGELEGHEITER
Alle born og unge skal kunne delta på fritidsaktivitetar. Derfor tilbyr vi fritidskortet på friskus.com.
EIT MER INKLUDERANDE SAMFUNN
Føremålet med fritidskortet er å sikra aktivitetstilbod til alle born og unge, uavhengig av familien sitt inntektsnivå. I Friskus er ein av våre hjartesaker å jobba for eit meir inkluderande samfunn, der alle har like mogelegheiter til å delta i sosiale fellesskap.
Vi lagar difor ein ikkje-stigmatiserande og elektronisk løysing for Fritidskortet, slik at alle born og unge kan finna aktivitetar på same plass – uavhengig av om ein brukar fritidskortet eller ikkje.
Ved å nytta èin enkelt plattform, blir faste og organiserte fritidsaktivitetar lettare tilgjengeleg.
Med friskus.com blir frivillige lag og organisasjoner sine aktiviteter synlege, og gjer tilboda kjent for innbyggarane.
Born og unge skal ikkje lenger måtte leite fleire ulike plassar etter kva dei kan vera med på, og det blir lettare å nå alle.
Med det digitale Fritidskortet i friskus.com får dykk ein ikkje-stigmatiserande og effektiv måte å administrera tildeling av midlar til bruk for fritidsaktivitetar.


FORENKLA BRUK OG ADMINISTRASJON AV DINE AKTIVITETSKORT/KULTURKORT
Har du tilbod til born og unge i din kommune, som i dag føregår med manuell registrering og utdeling?
Ta kontakt med oss i dag for å høyre korleis du kan få ein ikkje-stigmatiserande og effektiv løysing for distribusjon av midlar til fritidsaktiviteter – til det beste for både born og unge, og tilsette i din kommune.
YNSKJER DU Å VITA MEIR?
Vi bistår gjerne med råd og veiledning!
Kontakt oss på post@friskus.com